Categories
Bryggenytt Topp-posten

Alrekstaðir studentbryggarlag

Det nyoppstarta Alrekstaðir studentbryggarlag tek mål av seg å vere bryggelaget for alle bryggeinteresserte studentar i Bergen.

Bryggelaget har eit eige bryggerom på Alrek studentheim (kart) og bryggar på ein 20L Braumeister. Laget er ope for alle, og særleg studentar.

Dersom du har lyst til å bli medlem i bryggelaget og gjennomføre kurs i ølbrygging, send ein e-post til alrekstadir@gmail.com.

http://g.co/maps/6z3as
Categories
Bryggenytt

Idémyldring: Eit velutstyrt bryggelag

Når vi no er i ferd med å utvide, bør vi byrje å tenkje på kva som trengst av utstyr for å bli eit velutstyrt bryggelag. Slik eg ser det, trengst det kjøleskap (både til lagring og til undergjæring), frysar og gode løysingar for å oppbevare malt i eit velutstyrt maltlager.

No har vi snart lokale til å plassere alt dette, så då er det tid for å myldre litt om kva som absolutt trengst; kva vi veldig gjerne skulle hatt, men kanskje vil vere nøydde til å søkje midlar for å få råd til; og viktigast av alt: Kva har vi høve til å skaffe utan store utgifter.

Trykk her for å komme til diskusjonstråden i forumet

Categories
Bryggenytt Topp-posten

Dugnad: Nytt rom til bryggelaget!

Bryggelaget signerte i går ein avtale med Driftsavdelinga til SiB Bolig om tilgang til eit nytt rom i kjellaren på Alrek studentheim.

– Laurdag 3. desember, klokka 11.00 –

Dette er eit glimrande dugnadsmateriale, og eit kjempehøve til, på respektabelt vis, å tylle i oss bryggelaget sine slantar av ølen som er brygga dette semesteret, medan vi diskuterer aroma, farge og bryggeteknikk, vel vitande om at vi har gjort ein god dags fellesarbeid.

Eg kjenner at eg gler meg allereie!

– Laurdag 3. desember, klokka 11.00 –

Det nye rommet
Det vart sagt at det trengst «ein ganske kraftig nedvask», og etter ein  nærare inspeksjon kan eg personleg gå god for bruken av ordet «kraftig», utan at eg skal gå djupt inn på det her.

Rommet ser ut til å kunne gjere særs god nytte som maltlager og gjæringslokale. Temperaturen er jamn, og vi har høve til å regulere den ved hjelp av ein panelomn. Straumuttaket her er og tilpassa vaskemaskiner, så det skal vere godt med høve for å plassere kjøleskåp og frysar her inne utan at sikringar ryk.

Det er innlagt vatn, sluk i golvet og nokre sjarmerande, svære vaskekummar i støypt betong, som stammar frå tida då bygget var nytt (1958). Med andre ord skal det og ligge godt til rette for å bruke dette som ny bryggestove om vi skulle ønskje det, sjølv om vindauga heller ikkje på dette rommet let seg opne, slik eg tidlegare har trudd. Men eg tykkjer kanskje den bryggestova vi allereie har er betre eigna. Dette vil vi uansett drøfte i fellesskap over store mengder god øl på dugnaden, laurdag 3. desember, klokka 11.00.

– Hovding Bergset

Sjå tråden om dugnaden i bryggelagsforumet

Meld deg på eventen på fjesboka (så vi har ein ide om kor mange som kjem)

 

Categories
Bryggenytt

Investeringar

Alrekstadir har fått sin eigen leverandør av bryggeutstyr, Petit agentur, og alle medlemmer i bryggelaget får 8% rabatt ved kjøp av råvarer til brygging hos Petit.

Vi er dessutan snart innehavarar av alt som skal til for å drive eit godt studentbryggelag, inklusive mange gjæringskar og ein ekte Braumeister (eg elskar namnet). Sistnemnde gjev oss stålkontroll over bryggeprosessen!

Les meir om Braumeisteren på Petit agentur sine sider. Det ser heilt genialt ut! Eg gler meg som ein unge til å sette det første prøvebrygget i sommar :D

Store takk går til Frifond, som har gjeve oss stønad til investeringar og til Tillitsutvalet på Alrek studentheim, som har stilt disponibelt det gamle fotorommet til bryggelokale.